Etter ei vid kartlegging av nettsidene til biblioteka, ser vi eit behov for å jobbe målretta med biblioteka sin representasjon på nett. No inviterer vi til arbeidsmøte der målet er å styrkje kompetansen og forståinga for korleis nettsidene kan utviklast for å kunne gi betre tenester til innbyggjarane. Arbeidsmøtet er lagt opp med ein del eigenaktivitet der vi saman diskuterer kva som kan gjerast og kva biblioteka bør prioritere på nettsidene sine. Biblioteka får på førehand i oppgåve å blant anna sjå nærare på sine eigne heimesider. 

Det er sett opp fire arbeidsmøte: 

  • Førde, Jølster, Naustdal, Gaular: tysdag 17. april i Førde
  • Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Solund: onsdag 13. juni i Dale kl. 10-14 (kombinasjon av regionmøte og arbeidsmøte)
  • Eid, Selje, Vågsøy, Flora, Bremanger, Gloppen, Stryn: fredag 15. juni på Eid kl. 10.30-15.00
  • Aurland, Lærdal, Årdal, Leikanger, Høyanger, Balestrand, Vik, Sogndal, Luster: onsdag 20. juni i Sogndal kl. 10.00-15.00

Kompetanse på Webløft
Fylkesbiblioteket er også i gang med å byggje opp eigen kompetanse på Webløft. Webløft er bibliotekas eiga nettløysing basert på Wordpress som publiseringsplattform. Saman med Gloppen folkebibliotek vil vi setje i gang eit pilotprosjekt for å byggje ei ny biblioteknettside ved hjelp av Webløft. På sikt ser vi føre oss å kunne hjelpe fleire bibliotek over på tilsvarande plattform. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å melde di interesse.