Våren 2015 tilbyr fylkesbiblioteket, i samarbeid med Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater, teaterframsyninga «Herr Kurz og damene» til folkebiblioteka i fylket.

Prosjektet «Herr Kurz i biblioteket – teater-og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane» har som mål at dei deltakande biblioteka skal vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for i større grad å kunne møte forventningane i revidert biblioteklov. Som ein del av dette skal biblioteka delta i eit førebuande seminar.. 

Agenda for dagen:

10.00-10.15  Velkomen og litt om bakgrunnen for prosjektet, rammer og innhald -  Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteket

10.15-11.00  Teaterets forventningar til lokal arrangør (kva må vere på plass når biblioteka tek imot teaterframsyningar, og korleis lage ei best mogleg ramme kring arrangementet) – Rolf Losnegård, Aldateateret

11.00-11.15  Pause

11.15-12.00  Marknadsføring, synleggjering og utfordringar ved formidling og sal av teaterframsyningar – Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater

12.00-12.45  Lunsj

12.45-13.15  Erfaringar med ulike typar arrangement i biblioteket – Signe Witsø, Sogndal bibliotek og Kristin Hatledal, Stryn bibliotek

13.15-14.00  Diskusjon – praktiske spørsmål om turnéen og om gjennomføring av samarbeidsprosjektet

 

Nærare omtale av prosjektet og stykket