Biblioteksjef Jorun Systad er overraska over å ha blitt tildelt ein så stor sum, og seier til Firda at det var heilt fantastisk å få beskjeden. Tilskotet gjer at dei no får større økonomisk musklar enn dei hadde rekna med:

 – No kan vi styrke skulane med litteratur og kultur, og kan rett og slett levere ei teneste med høg kvalitet.

Mykje av midlane har dei planar om å bruke på gutane, fortel Systad vidare. Det er fordi undersøkingar viser at gutar generelt er svakare i lesing enn jenter. Ho vil ha gutar til å låne fleire bøker og lese meir.

 –   Å lese er noko ein må trene på som ein må trene på alt anna, forklarar ho.

​I utlysinga skreiv Utdanningsdirektoratet at tilskotet skal bidra til at skulebiblioteka:

  • blir ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag
  • brukast i opplæringa, og bidreg til å nå måla i Kunnskapsløftet
  • legg til rette for lesing og vurdering av trykte, digitale og samansette tekstar
  • er ein integrert og varig del av skulens pedagogiske verksemd
  • er ein inkluderande arena som tek omsyn til barn og unges ulike føresetnader og behov
  •  er innovative og framtidsretta

Førde kommune er einaste kommune i Sogn og Fjordane som får tildelt midlar til skulebiblioteksatsing, i selskap med 26 andre kommunar. Sjå lista over alle tildelingane.

Ny utlysing vil kome i 2019, og vi håpar fleire kommunar vil søkje på midlane då.