Fjordforfattarweb var eit prosjekt med mål om å å byggje opp nettbasert formidling om forfattarar frå Sogn og
Fjordane.

Prosjektet fekk midlar frå Nasjonalbiblioteket, under innsatsområdet ny formidling. Her er fokus på korleis biblioteka skal betre bibliotektenestene ved å utvikle nye konsept og metodar for formidling, og korleis kunne møte brukarane sine ulike behov for fleksible tenester både i bibliotekrommet og digitalt. Vi ville også nytte Nasjonalbiblioteket sine digitale tilbod i formidlinga.

Planen var å setje i gang prosjektet i 2012, men pga. personalsituasjonen ved fylkesbiblioteket fekk vi utsett det til 2013.

Då arbeidet starta opp, jobba vi med å få til ein god nettstad, som seinare kunne brukast som utgangspunkt for nettutstillingar, litteraturseminar og anna formidling. Det vart gjort ei avklaring av kva innhald vi ynskjer å ha med på nettstaden, og vi laga ein kravspesifikasjon for oppbygging og utforming. Det vart henta inn tilbod på oppbygging av nettstaden på bakgrunn av denne kravspesifikasjonen. I tillegg arbeidde vi ein god del med å samle forfattarinformasjon og skrive artiklar til bruk på nettstaden.

Hausten 2013 tok Nordland fylkesbibliotek kontakt med oss med spørsmål om vi kunne tenke oss eit samarbeid om å utvikle ein standard for litteraturnett, noko vi var positive til. Prosjektet "Fjordforfattarweb" blei dermed endra og vidareutvikla i samråd med Nordland fylkesbibliotek, og vi tok arbeidet  i ei ny og meir tidsriktig retning. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sende ein ny prosjektsøknad til Nasjonalbiblioteket på prosjektet "Lettare litteraturnett", der Nordland fylkesbibliotek skal vere likeverdig partnar i arbeidet. Desember 2013 fekk "Lettare litteraturnett" tildelt prosjektmidlar frå Nasjonalbiblioteket.

Av dei 124 000 kr vi fekk frå Nasjonalbiblioteket til "Fjordforfattarweb", har fylkesbiblioteket brukt 60 000 på arbeidet som er gjort til no. Resten blir overført til prosjektet "Lettare litteraturnett".