Fylkesbiblioteket vedlikeheld ein bibliografisk database der det er registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane utgitt i perioden frå 1865 og fram til i dag. Det er registrert artiklar frå lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar mm. I tillegg kjem artiklar av lokalhistorisk interesse henta frå diverse tidsskrift og bøker. I mai 2015 var det registrert om lag 20 000 artiklar.

Arbeidet med artikkelregistrering starta som eit prosjekt med tittelen Fjognedok i 1999, og har sidan blitt ein fast del av fylkesbiblioteket sitt arbeid.Sjå nærare omtale under lenkjer i margen til høgre. Til no er det berre registrert data om artiklane, men fylkesbiblioteket ynskjer etter kvart å få lagt inn fulltekstversjonar. Brukarane vil då kunne søkje opp artiklar og få dei opp direkte på skjermen, og evt. laste dei ned for utskrift.

Fjognedokbasen