Fjernlån er ressursdeling og skal sikre felles tilgong til landets samla bibiotekressursar for alle som bur i landet. Bøker som er tilgjengelege til heimlån i eit bibliotek skal også vere tilgjengeleg for brukarane ved andre bibliotek gjennom fjernlånssamarbeid.

Fjernlån er eit supplement til samlingane i biblioteka og ikkje ei erstatning for manglande ressursar lokalt.

For å lette sirkulasjonen av bøker organiserer fylkesbiblioteket ei transportordning mellom biblioteka, og ein kan leite opp kva som fins av litteratur i biblioteka ved hjelp av Samsøk Sogn og Fjordane. Samsøk finn ein også i fleire andre fylke.

Det nasjonale Biblioteksøk er under utprøving i ein del fylke, og blir lansert nasjonalt i 2018.

Materiale i universitets- og høgskulebiblioteka finn ein via Oria.