Stryn bibliotek har fått 50.000 til prosjektet «Tidlege bokormar i Stryn».

Naustdal bibliotek er løyvd 50.000 til «Rom for samtale, læring og leselyst».

Førde bibliotek får 75.000 til «Mangfald i nynorskens skog».

Og Høyanger bibliotek får 75.000 for «Fortida for framtida».

Gratulerer!

Her er fullstendig liste over alle tildelingane

I statsbudsjettet har regjeringa auka tilskotet med ytterlegare 22 millionar for styrking av folkebiblioteka! Det betyr at det vert ei ny runde med utlysing av midlar på nyåret, og nye høve til å søkje støtte til sitt prosjekt.

 

I haust har fleirtalet av biblioteka vore med på prosjektkurs leia av Eli Grete Høvyk ved Interplan, så no ligg det godt til rette for å få til endå fleire gode søknader!

Vi minner om at fylkesbiblioteket kan hjelpe til i prosessen med prosjektutvikling, alt frå idèfase til konkrete spørsmål om søknadar. Vi vil svært gjerne også få høyre om planar for prosjekt som de har så vi kan halde oss orienterte. I tillegg er det kanskje fleire som syslar med liknande idear og som det difor kan vere aktuelt å kople saman, eller kanskje kjenner vi til andre prosjekt som kan vere til inspirasjon og noko ein kan hauste erfaringar frå.

Ta kontakt med Siri hjå oss, så hjelper vi deg i prosessen med ditt prosjekt. Du når Siri på tlf. 57 63 79 58, men du kan også sende e-post til siri.ingvaldsen@sfj.no.