Fylkesbiblioteket administrerer fleire fylkesdekkande bibliotektenester. Det er tenester som vi organiserer/driftar og tilbyr biblioteka eller direkte til innbyggjarane, og oppgåver vi løyser i samarbeid med biblioteka.
- E-bøker Tilgang til e-bøker via appen eBokBib på nettbrett og mobil.
- PressReader Tusenvis av aviser og tidsskrift på mange ulike språk, tilgjengeleg via app eller på pc.
- Bibliotektransport Sørger for at bøker, lydbøker, filmar osv., blir frakta mellom biblioteka, slik at lånarane kan få det dei ynskjer.
- Samsøk Søk i bokbasane til alle biblioteka i fylket, samstundes.
- Forfattarar frå Sogn og Fjordane - ein database med omtaler av forfattarar frå eller med tilknyting til fylket.
- Lokalhistoriske artiklar - ein database der det er registrert artiklar frå lokalhistoriske tidsskrift, årbøker, sogeskrift, julehefte, artikkelsamlingar mm.