Avdelingsleiar Terje Torsheim ved Hafstad vidaregåande skule i Førde og lektor Tor Egil Furevikstrand ved Dale vidaregåande skule i Dale fortalde om erfaringane så langt med prosjektet «Det komplette læringsbrettet». 

Dei to initiativtakarane har fått til unike avtalar med nettbrettleverandør Samsung, selskapet Microsoft og fleire store lærebok-forlag slik at ved hjelp av eitt einskild nettbrett kan eleven halde styr på alt som har med skulegangen og utdanninga å gjere.

Det var i september i år at prosjektet med å ta i bruk nettbrett i staden for pc starta. Ein vg1 klasse ved Hafstad vidaregåande skule og ein tilsvarande klasse ved Dale vidaregåande skule, til saman vel 50 elevar, er med i forsøket. At alt undervisings- og skulemateriell er samla på ein stad i eitt nettbrett og at både læreverk og notatboka til eleven (via OneNote, eit Microsoft Office-program) er søkbare, er eit par av dei positive erfaringane elevar i prosjektet har meldt om. Og samanlikna med å bruke PC i undervisinga kjem nettbrettet godt ut, seier dei. Men det er også elevar som synest at storleiken på skjermen til nettbrettet er litt for lite.

Les om prosjektet og om erfaringane til elevane i presentasjonen Torsheim og Furevikstrand hadde på fellesmøtet her.

I lys av slike prosjekt og den digitale utviklinga i samfunnet blir det spanande å sjå kva for konsekvensar dette vil få for skulebiblioteka når det gjeld forventningar, nye oppgåve, tenester og tilbod.

Ann-Kristin Vik Fløtre, bibliotekar ved Gloppen folkebibliotek som også er biblioteket til Firda vidaregåande skule på Sandane, presenterte på fellesmøtet eit opplegg biblioteket hadde laga til til ein planleggingsdag for undervisingspersonalet ved skulen i august.

Presentasjonen var todelt: Eine delen handla om digital dømekraft og tok utgangspunkt i kvalitetssikra materiale frå Eva Bratvold. På denne måten fekk dei tilsette ved skulebiblioteket setje fokus på det viktige fagområdet digital kompetanse, og vise fram at skulebiblioteket kan vere med å auke kunnskapen hos elevar og lærarar om opphavsrett, kjeldebruk, informasjonssøking.

Den andre delen av presentasjonen til pedagogane ved Firda vidaregåande skule var generell informasjon om kva biblioteket kan hjelpe til med i skulekvardagen. Bibliotekarane opplevde gjennom dette å nå fram med opplysingar om biblioteket som ikkje var så godt kjende frå før, og dette syner at marknadsføring på gunstige arenaer nyttar. Gjennom denne presentasjonen fekk biblioteket vise fram kva dei kan tilby, og gjere kjent tenestene og kvalitetane ved dette lågterskel-tilbodet.

På fellesmøtet var det også ein gjennomgang av forslag til tiltak i kursplanen for dei tilsette ved biblioteka ved dei vidaregåande skulane for skuleåret 2012-2013. Over nyttår er det planlagt eigne kurs i pedagogikk og i leselyst.  

Møtedeltakarane fekk også ei omvising ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, der møtet vart halde.


Sjå bilete frå fellesmøtet lagt ut på facebook-sida til Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

Fellesmøta er to-tre gongar i året. I tillegg kjem kurs og andre faglege samlingar i løpet av eit skuleår.