Barn og ungdom:
  • Kall meg Onkel Alf - Fam Ekman
  • Hallo Jorda! - Anna Fiske
  • Slangen i graset - Hans Sande og Gry Morsund
  • Avstikkere - Øyvind Torseter
Kjekt at Det Norske Samlaget og nynorsken er representert ved Morsund og Sande. Fiske kjenner vi att som ansvarleg for teikneserien Rabbel. Tre av titlane er gjeven ut av Cappelen forlag. Dei fire bøkene er kjøpt til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga til Norsk Kulturråd. Vaksne:
  • Andvake - Jon Fosse
  • Gjestene - Merethe Lindstrøm
  • Ingen vitner for vitnet - Christian Refsum
  • Innsirkling - Carl Frode Tiller
Nominasjonsgjengangarane Fosse og Tiller viser seg att med nynorsk språk, novellesamlinga til Lindstrøm er avhalden av bokmeldarane og Refsum - som eg har lese i tillegg til utgjevinga av Fosse (boka til Tiller opnar eg i kveld) - kan anbefalast til lånarar med sans for Ingvar Ambjørnsen, Dag Solstad og Ola Bauer.   Beste omsetjingar:
  • Merete Alfsen for Like av Ali Smith 
  • Tormod Eide for Politikk - Aristoteles
  • Lars Moa for Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
  • Stig Sæterbakken for Eldreomsorgen i Øvre Kåkedalen av Nikanor Teratologen
Teksten Politikk av ein av meistrane frå antikken bør "hamne på nattbordet til folk" og er like lett å lese som dei bøkene "som ligg der frå før." Det skriv meldar Jon Langdal i Klassekampen 26. januar i år. Moa har omsett diktsamlinga av Nielsen frå det vesle språket færøysk - sjå meldingar i Dag og Tid http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1149 og jamvel i Aftenposten ved poet, formidlar og meldar Knut Ødegård, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2118949.ece 

Omsetjinga av den svenske kultroman til målføre frå Lillehammerdistriktet er gjort av Sæterbakken. Han er kjent for eigne romanar og omsetjingar av Edgar Allan Poe.

Eg har brukt http://www.dagbladet.no/kultur/2008/02/07/526221.html som kjelde for denne framstillinga. På nettsida til Norsk kritikerlag finn de opplysingar om nomineringane, sjå http://www.kritikerlaget.no/index.php?id=5