Fagforum barne-og ungdomslitteratur er eit uformelt nettverk for personar i Sogn og Fjordane som på ymse vis jobbar med litteraturformidling til barn og unge. Deltakarane kan vere tilsette i bibliotek, skule, barnehage, i privat verksemd eller i organisasjonar.

Eit større fagmiljø som går på tvers vil kunne gi nyttig læring, vi blir kjende, kan samarbeide og dele kunnskap og erfaringar med kvarandre. Alle som ønskjer og som er opptatt av å skape gode leseopplevingar for unge er velkomne til å bli med i fagforumet.

Ta kontakt med Bente.Lund@sfj.no om du vil vite meir eller vil bli med.