Hovudmål for prosjektet var «Gjennom prosjektet skal dei deltakande folkebiblioteka vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for i større grad å kunne møte forventningane som ligg i den reviderte biblioteklova.»

På møtet ynskjer vi erfaringsutveksling og diskusjon. Vi ber dykk alle tenke gjennom korleis de opplevde prosjektet, kva som fungerte bra og kva ein kunne gjort annleis, t.d.

  • bibliotekets rolle som arrangør
  • tilrettelegging frå fylkesbiblioteket
  • informasjonsutveksling/kommunikasjon – mellom biblioteka/Aldateateret /fylkesbiblioteket
  • marknadsføring – både felles og eigen, lokal
  • det praktiske rundt tillaging

Kort sagt: Kva erfaringar sit vi att med som vi kan bruke framover?