Fylkesbiblioteket si mediesamling vert overført til Førde bibliotek, med unntak av mobilsamlinga. Førde bibliotek overtek fjernlånsarbeidet frå den samanslåtte samlinga.

I samband med dette vil fylkesbiblioteket heller ikkje stå for innlån av tingingar frå utlandet. Vi ber difor biblioteka i fylket til sjølv å låne inn frå bibliotek i Norden. Anna innlån frå utlandet kan ein få via Nasjonalbiblioteket si innlånsteneste.

Vi vil oppmode biblioteka i fylket å fordele tingingane mellom ulike bibliotek for ein jamn medieflyt.


Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil framleis ivareta ansvaret for fjernlånet ved å koordinere og leggje til rette for gode samordningsfunksjonar i lånesamarbeidet mellom bibliotek.  Samsøk for fylket er på plass og transportordning er på trappene, noko som fører til ei effektivisering av fjernlånet og ei betre utnytting av samlingane