Omtale

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sitt kursopplegg Ein smak av web 2.0 er ein variant av det norske opplæringsprogrammet 23 ting, som igjen er utvikla med utgangspunkt i det originale Learning 2.0-prosjektet av Helene Blowers. Kurset vart lagt opp som eit sjølvstudium med heimeoppgåver, med tre samlingar undervegs.

Hausten 2010 vart det sendt ut innbyding til alle bibliotektilsette i folkebibliotek og i vidaregåande bibliotek i fylket om å delta i kursopplegget “Ein smak av web 2.0”. Kurset har vore eit bidrag for å auke kompetansen i digital tenesteyting for bibliotektilsette.

Kursbloggen ligg tilgjengeleg for alle som ønskjer å oppdatere seg på sosiale medium. Leksjonane er godt forklarte og oppgåvene skal vere mogleg å løyse på eiga hand.

Mål

  • Utforske og lære meir om eit utval av web 2.0 teknologiar
  • Bli i stand til å bruke desse i eige arbeid eller i fritida
  • Vurdere kva tenester som kan passe for eige bibliotek
  • Ha det moro og prøve ein ny måte å lære på

Målgruppe

Bibliotektilsette i Sogn og Fjordane

Tid

8 veker, haust 2010

Resultat

25 bibliotektilsette frå fylket har delteke på kurset. Av desse har 75% gjennomført alle kursoppgåvene knytt til kvar leksjon i laupet av 8 veker, og mottatt kursbevis. Blant dei som svara på evalueringa i etterkant av kurset fekk vi blant anna følgjande opplysningar:

Samtlege var nøgde med kurset og meiner deira kunnskap og forståing etter kurset har auka.

88% av deltakarane melder at dei som resultat av kurset kan tenkje seg å ta i bruk sosiale nettverk (Facebook, Origo, Twitter). 71% podkast og YouTube, og 65% blogg og nettsky.

Alle som har svara meiner at det er behov for å lære bibliotekbrukarane om web 2.0, og 55% av deltakarane vil vere villige til å setje i gong eit eige web 2.0 kurs for sine brukarar.