Fylkesbiblioteket har vidare inngått avtale med alle kommunane i fylket om eit samarbeid gjennom konsortium med felles løysing for innkjøp, formidling og utlån av e-bøker. Det betyr at alle folkebiblioteka i Sogn og Fjordane vil kunne tilby lånarane e-bøker i 2014!

E-bokløysinga som er valt heiter eBokBib og lastast ned på nettbrett eller smarttelefon som ein gratis app. Frå tidleg vår 2014 vil e-bokløysinga fyllast med innhald.