Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og bibliotek i vidaregåande i Sogn og Fjordane tilbyr brukarane lån av e-bøker gjennom appen eBokBib. Du får tilgang til fleire tusen e-bøker, og får same tilbod uansett kva kommune du bur i. 

Kort om korleis du nyttar tilbodet

► Last ned appen eBokBib frå App Store eller Google Play/Play Butikk
Systemkrav: eBokBib er utvikla for mobile einingar med iOS og Android operativsystem. Krev minst iOS 9.3.x eller Android 4.0 (4.1 for lydbøker).

► Logg inn med lånenummer og pin-kode
Bruk lånenummeret som står på lånekortet ditt, og pin-koden du brukar for å nytte deg av b­iblioteket sine nettenester. Manglar du pin-kode? Om du har nasjonalt lånekort kan du få ny pin direkte frå apppen, elles må du kontakte biblioteket ditt.   

► Finn bøker du vil låne
Du kan bla i heile lista over tilgjengelege titlar, eller du kan søke meir spesifisert (namn, tittel, aldersgruppe, språk, emne mm). Du kan også t.d. filtrere ut bøker som er ledige, eller typen ebok – lyd eller tekst. Tappar du på ei framside, får du opp meir informasjon om boka.

► Venteliste / reservering
Du kan låne, reservere, eller legge i hugseliste for seinare. Du kan oppleve å få eit svært høgt tal i reserveringskøen. Dette er eit teknisk spørsmål, systemet reknar ut og viser ventelista på ein annan måte enn tidlegare. Dei fleste vil oppleve at dei rykker raskt fram i køen. Du får varsel når boka er tilgjengeleg.

► Last ned boka du vil låne
Bøker du har lasta ned blir tilgjengeleg på alle einingane dine (t.d. mobil og nettbrett). Du treng ikkje ha nettilkopling for å lese bøker du alt har lasta ned.

► Opne boka, og les
Ved å tappe midt på skjermen når du har opna boka, får du opp menyval som gir deg tilgang til å stille inn lysstyrke/bakgrunn, endre skrifttype og -storleik mm.

► Få oversikt
I menyen har du val om å gå inn på oversikter over dine lånte bøker, reserveringar, og bøker du har lagt i hugselista. Du kan flytte bøker fritt mellom reserveringslista og hugselista. Du kan også få historikk over lånte bøker (forutsett at du har takka ja til dette i appen).

► Innlevering
Bøker må leverast inn på alle einingar dei er lasta ned på før dei er tilgjengelege for nye lånarar. Bøker blir automatisk sletta når lånetida er ute, men du kan velje å levere inn tidlegare.
 

Vilkår for bruk

  • Du må vere registrert lånar ved eitt av biblioteka i fylket.
  • Du må ha eit lokalt eller nasjonalt lånekort, med tilhøyrande pin-kode.
  • Du kan låne 3 bøker samstundes.
  • Lånetida er maks 3 mnd (90 dagar).
  • Hentefrist for reserverte bøker er tre dagar.
     

Mest for biblioteka - om ny modell for innkjøp/utlån

I 2016 kom ny modell for innkjøp og utlån av e-bøker, modellen er eit resultat av samtalar mellom Nasjonalbiblioteket og Forleggerforeningen m.fl. Modellen er gjeldande frå 2018, og påverkar kva biblioteka kan tilby og korleis ein betaler for rettigheiter for å tilby e-bøker til lånarane sine.

  • E-bøker utgitt dei siste to åra vert vurdert kjøpte inn for 10 utlån/klipp i gongen. Bøkene må ev. kjøpast for 10 nye utlån når klippa er brukte opp (klippekortmodellen/pakkemodellen). 
  • E-bøker eldre enn to år vert utlånte til stykkpris per lån (klikkmodell).
  • E-bøker som allereie er kjøpte før årsskiftet 2017/18 varer ut lisensperioden på 3 år og kan lånast ut uavgrensa gongar, men kvart eksemplar til ein lånar av gangen (eksemplarmodellen).  
  • Kulturfondbøker får vi gjennom innkjøpsordninga som før og har lisensperiode på 5 år. Dei fleste k-fondbøkene er tilgjengelege i 3 eksemplar og kan lånast uavgrensa gongar (eksemplarmodellen). 
  • Ei e-bok blir rekna som lånt/fakturerbart utlån når 10% av sidene er lest.
  • I nye eBokBib vert reserveringar rekna annleis fordi systemet må ta høgde for tre utlånsmodellar. Fleire faktorar påverkar kvar ein er i reserveringskøen, men sluttbrukaren vil ikkje merke særleg forskjell.