Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og bibliotek i vidaregåande i Sogn og Fjordane tilbyr brukarane lån av e-bøker gjennom appen eBokBib.

Denne sida er meint for bibliotektilsette, publikum får informasjon på sida ebok.sfj.no. Systemleverandøren har også ei informasjonsside; ebokbib.no

Informasjonsmateriell

Fylkesbiblioteket har laga ein del informasjonsmateriell, du kan laste ned pdf-filene her:

Innkjøp

Biblioteka som er med i ordninga bidrar økonomisk til ei felles e-boksamling for fylket. Fylkesbiblioteket står for innkjøpet, men tar svært gjerne i mot forslag til innkjøp. Det kan vere både enkelttitlar og typar bøker. Bruk forslagsskjemaet:

Forslagsskjema for e-bokinnkjøp

Problemmeldingar

Om de opplever feil eller problem med ebokløysinga, tar vi i mot spørsmål og feilmeldingar, og rapporterer ev. vidare til systemleverandøren. De må forklare feilen/problemet mest mogeleg detaljert, det gjer det lettare å oppdage kvar problemet ligg.

Problemmeldingsskjema