Kva er BookBites?

BookBites er ein lese- og utlånsapp i Noreg som biblioteka tilbyr sine lånarar. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen.

Har du alt brukt eBokBib vil du kjenne att mange funksjonar, men det er også nokre forskjellar og appen vil sjå litt annleis ut. Som før har appen automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men kan lese dei utan nettilgang (offline).

Korleis tar eg det i bruk?

  1. Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites Bibliotek frå App Store eller Google Play.
  3. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Treng du hjelp? - Her finn du videoguide for korleis du opprettar ny brukar, samt andre rettleiingar for bruken av BookBites.

Kvifor må vi byte til BookBites?

Noverande løysing for utlån av e-bøker via eBokBib vert lagt ned i byrjinga av 2020. Hordaland har alt gått over til BookBites, og når vi slår oss saman til Vestland fylke går vi i lag om ei felles e-bokløysing.

Kva skjer med mine lån og reserveringar ved overgangen?

  • Lånte bøker blir ikkje flytta over til ny app. Bøker du har lasta ned i eBokBib kan du lese ferdig der.
  • Reserveringane dine blir flytta over til ny app 6. januar. Du treng ikkje setje deg på venteliste på nytt.

Korleis blir bokutvalet?

Bokutvalet er det same uavhengig av kva app ein brukar. Bøker vi har tilgang til i eBokBib skal også vere tilgjengelege i BookBites - men først frå 6. januar.

Det er nasjonale avtaler som ligg til grunn for at vi får kjøpe inn og låne ut e-bøker og digitale lydbøker. Utvalet er bestemt av kva bøker som kjem i kulturfondordninga, kva bøker vi har tilgang til å kjøpe, og kva midlar vi har til å kjøpe inn for.

Bøker som er nyare enn to år, kjøper vi inn i pakker på 10 utlån/lisensar. Når alle utlåna i pakkane er brukt opp, vil den neste lånaren ikkje finne boka.
Når det gjeld bøker som er eldre enn to år, har du tilgang til dei fleste e-bøkene som er utgjevne på norske forlag så lenge biblioteka har pengar att på budsjettet. Når månedsbudsjettet er brukt opp, vil mange av titlane forsvinne. Ved neste månadsskifte kan dei dukke opp att.

Utvalet av e-lydbøker er lite og svært dyrt i bruk. Det er difor avgrensa kor mykje lydbøker biblioteka kan tilby lånarane.