Gruppa Deoran, som er samansett av afrikanaren Adama Barry og norske Anneke Bjørkum, kjem til Sogndal bibliotek onsdag 24. september kl. 18. Dei to fortel og dramatiserer eventyr. Adama Barry spelar forskjellige slags fløyter og ulike rytmeinstrument. Han er busett i Burkina Faso i Vest-Afrika. Dei seinare åra har han reist mykje i Noreg og vore tilknytta Rikskonsertane sidan 1990-talet.

Adama Barry og Anneke Bjørkum opptredde på Sogndal bibliotek våren 2007. Det var eit fyrverkeri av ei forstilling som vi vonar mange vil nytta høvet til å oppleva denne gongen!

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogndal statlege mottak og Sogndal bibliotek.

 

SIGNE WITSØ, Sogndal bibliotek