Nesten alle 1.477 artiklane frå Jul i Sunnfjord som er registrert i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane (Fjognedok), er no lenka til rett nummer av Jul i Sunnfjord. No får ein altså tilgang til artikkelen i fulltekst, og ikkje berre opplysningar om artikkelen.

Digitaliseringa kom i stand ved at Sunnfjord sogelag og Nasjonalbiblioteket underskreiv avtale om digitalisering av Jul i Sunnfjord i oktober 2016. I haust har også Nordfjord Folkemuseum underskrive avtale om digitalisering av Jul i Nordfjord. Vi håpar at Nasjonalbiblioteket startar dette arbeidet raskt. Vi håpar også at Nasjonalbiblioteket etter kvart har høve til å digitalisera fleire lokale tidsskrift.

Jølst, utgjeve av Jølster mållag, og Kjelda, utgjeve av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har digitalisert tidsskrifta sjølve og innførslane i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane er lenka til desse. Det gjeld 479 artiklar frå Jølst (1984-2013, 2016) og mange av dei 1.811 artiklane frå Kjelda (Fylkesarkivet har ikkje digitalisert dei siste årgangane endå).