Digidel 2017 er eit nasjonalt program som skal styrke digital kompetanse og deltaking i befolkninga. Programmet skal bidra til opplæring i bruk av IKT og velferdsteknologi hos grupper som i dag ikkje nyttar seg av slike verktøy. Folkebiblioteka vert rekna som viktige aktørar i programmet.

Digidel 2017 tilbyr ferdige undervisningsopplegg som kan nyttast i grunnleggande opplæring i bruk av internett og digitale verktøy. «Digidelpakkene» består av ein powerpointpresentasjon og eit manus. Dei kan brukast som dei er, eller enkelt tilpassast. I tillegg er det samla ein del ressursar som er utvikla av andre bidragsytarar,, samt her ligg tips og råd til kurshaldarar. Undervisningsopplegga finst for ulike nivå – nybyrjar, litt øvd og øvd.

Alle undervisningsopplegga.

Digidel 2017 skal auke innsatsen som i dag vert gjort av ulike offenlege verksemder, IKT-næringa og frivillige organisasjonar på området digital kompetanse og deltaking. Biblioteka er sentrale i programmet. Eitt av seks delmål i programmet er betre koordinering og samarbeid med og mellom folkebiblioteka i innsatsen med å styrke digital deltaking og kompetanse i befolkninga. Satsinga er også del av den nye statlege bibliotekstrategien.

Digidel.no finn ein også videopptak og presentasjonar frå konferansen Digidel-arena 2015 som vart arrangert 25. november i 2015. I år vil to Digidel-arenaer bli arrangert i Midt-Vest Norge og Nord-Norge.

Digidel 2017 er etablert og leia av Kommunal- og moderiseringsdepartementet, og i den sentrale programgruppa på ti representantar er Nasjonalbiblioteket og Norsk bibliotekforening (NBF).

Meir om Digidel 2017