Digidel 2017 tilbyr ferdige undervisningsopplegg som kan nyttast i grunnleggande opplæring i bruk av internett og digitale verktøy. «Digidelpakkene» består av ein powerpointpresentasjon og eit manus. Dei kan brukast som dei er, eller enkelt tilpassast. I tillegg er det samla ein del ressursar som er utvikla av andre bidragsytarar,, samt her ligg tips og råd til kurshaldarar. Undervisningsopplegga finst for ulike nivå nybyrjar, litt øvd og øvd.
Sjå alle undervisningsopplegga.
Digidel 2017 skal auke innsatsen som i dag vert gjort av ulike offenlege verksemder, IKT-næringa og frivillige organisasjonar på området digital kompetanse og deltaking. Biblioteka er sentrale i programmet. Eitt av seks delmål i programmet er betre koordinering og samarbeid med og mellom folkebiblioteka i innsatsen med å styrke digital deltaking og kompetanse i befolkninga. Satsinga er også del av den nye statlege bibliotekstrategien.
På Digidel.no finn ein også videopptak og presentasjonar frå konferansen Digidel-arena 2015 som vart arrangert 25. november i 2015. I år vil to Digidel-arenaer bli arrangert i Midt-Vest Norge og Nord-Norge.
Digidel 2017 er etablert og leia av Kommunal- og moderiseringsdepartementet, og i den sentrale programgruppa på ti representantar er Nasjonalbiblioteket og Norsk bibliotekforening (NBF).