Dette fører til at dei digitale samlingane til biblioteka kan vere tilgjengeleg døgnet rundt, samstundes som brukarane kan låne frå samlinga uavhengig av kvar han eller ho er. For utkantane utan bibliotektilbod og for bibliotek med avgrensa opningstider kan dette bety mykje. Eit slikt tilbod opnar òg opp for nye målgrupper som føretrekk internett som arena for informasjon. Samstundes stiller det krav til biblioteka sine oppgåver i framtida, kva vert rolla til det fysiske biblioteket?

Den nye og framtidsretta bibliotektenesta vert lansert 16. mars og har sitt utspring frå løysingar som allereie er i drift  hjå fleire bibliotek Tyskland. ”Digital Rights Management” (DRM) sørgjer for at kvar enkelt tittel berre kan lånast av ein brukar av gongen(fleire lisensar er mogleg), og tittelen har avgrensa låneperiode som gjer at den digitale fila vert sletta automatisk etter eit gitt tal dagar, altså vert dette som eit vanleg fysisk lån.

For at biblioteka skal halde tritt med utviklinga er dette ein start. Biblioteka er avhengig av å kome brukarane i møte og tilby gode tenester på nett for å kunne opprettehalde biblioteka sin posisjon i samfunnet og for å kunne framstå som moderne og attraktive. Men det oppstår samstundes eit stort spørsmål: Betaling per utlån er ein modell biblioteka ikkje driv med i dag –  har biblioteka råd til dette?  Korleis skal biblioteka med allereie avgrensa midlar kunne gjere den oppgåva dei er pålagt; å formidle breidde, mangfald og utval tilgjengeleg og gratis for alle dersom den digitale utlånsløysinga set økonomiske avgrensingar?

Samstundes følgjer vi fylkesbiblioteket i Buskerud sitt nasjonale pilotprosjekt som prøver ut ein modell for utlån av e-bok og lesebrett i biblioteka. ABM-u har tildelt prosjektet midlar også i år, og ordninga legg opp til at det skal vere like lett å få tilgang til e-bøker på biblioteket som i den kommersielle marknaden via ein nasjonal portal for utlån av e-bøker. Tanken bak ordninga er at brukarane må få fri tilgong til dei bøkene dei vil, når dei vil og utan avgrensingar. Dette har ført til skepsis blant forfattarar, forlag og bokhandlarbransjen som på si side meinar at denne utlånsmodellen vil få store konsekvensar for den kommersielle marknaden, og at modellen i yttarste konsekvens kan øydeleggje bokmarknaden. Bibliotekbransjen kan altså risikere å kome i konflikt med bokbransjen.

Kanskje endå meir spennande er det å følgje med på det nyoppstarta prosjektet ”Nettbiblioteket” som fleire kommunar i Ryfylket har gått saman om. Med eit interkommunalt samarbeid skal det opprettast eit virtuelt bibliotek som supplement til dagens eksisterande bibliotek med utlån av e-media, og prosjektet skal i tillegg leggje grunnlaget for samarbeid om arrangement, formidlingsprosjekt, marknadsføring og profilering av bibliotektenester på tvers av kommunegrenser. Utfordringane av å vere utkantkommunar med lange avstandar, få innbyggarar og bibliotek med korte opningstider og små samlingar, skal løysast ved å tilby innbyggjarane ein døgnopen nettfilial. Eit samarbeid haustar både kostnaddeling og sparing, og teknologien opnar for felles samling og utlånsportal.

Korleis den nye bibliotekkvardagen etter kvart vert vil vise seg, men det som er sikkert er at ein må gjere seg erfaringar undervegs. Difor er det viktig med desse pilotprosjekta som kjem til å leggje føringar og rammer for korleis biblioteka kan løyse digitaliseringsspørsmålet og satsinga på nett framover.

Like sikkert som at den digitale kvardagen er realitet, må ein også byrje å førebu seg på omstillingar i biblioteksektoren.