Og bakom syng Ernest Hemingway Den gamle mannen og havet. "Hva annet skal man si enn at vakrere og mer nakent er neppe skrevet om det å leve enkelt og verdig". Det er meininga til forfattardebutant Leif Henriksen om denne boka av Hemingway (sitat frå Dagbladet 4.februar, side 41). Eg las Den gamle mannen og havet for om lag 15 år sidan. Boka gjorde eit sterkt inntrykk på meg.
Leif Henriksen var ein av vinnarane av forlaget Gyldendal sin konkurranse om beste politiske roman. Han vann fram med Fjorten dager i Nordsjøen - ei utgjeving med handling frå det maritime miljø som ikkje er skildra noko særleg i diktings form før.
Meldingar av den første boka til Henriksen: i NRK skriv litteraturmeldar Marta Norheim; "Fjorten dager i Nordsjøen er ikkje ein thriller, og det skal ein viss velvilje til for å kalle han for ein politisk roman", sjå http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.4656454 og Dagsavisen skriv dette om romanen: http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article332063.ece