Trivselsskogen på Sandane var fylt med skuleelevar, barnehagebarn og andre då opninga av den første dagsturhytta med nynorsk turbibliotek gjekk føre seg i skikkeleg vestlandsk seinhaustvêr 8. desember. Men vêret sette ingen stoppar for opninga som baud på både konsert med skulekor, lesestund, hytteomvisning, helsingar, tursjokolade, blomster og gratulasjonar. Fylkesordførar Jenny Følling og ordførar Leidulf Gloppestad stod for offisiell opning med snorklipping.

Opningkonsert Good Time Charlie

Natur og kultur

Dagsturhyttene skal ligge på populære turmål og skal vere ein plass å gå inn og få varmen i seg, ete nista si og bla i bøker. Utgangspunktet for dagsturhyttene er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.Lesestund Kom la oss lage fest i Trivselsskogen ved lesegledar Marthe Holien Bø

Sentralt plassert i hytta er eit nynorsk turbibliotek med bøker til bruk på staden. Fylkesbiblioteket har gitt 20 nynorske bøker til turbiblioteka i alle kommunane, og har i tillegg søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til arrangement som skal skape aktivitet i og ved hyttene. 

Opninga starta med ei lesestund for barnehagebarn og 1. klassingar ved lesegledar Marthe Holien Bø.

 

Samarbeidsprosjekt for folkehelsa

Hytta i Gloppen får i løpet av 2018 selskap av 25 like hytter rundt om i alle kommunane i fylket. «Sogn og Fjordane»-hytta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd 5,2 millionar kroner til Helikopterløft dagsturhyttaprosjektet.

– Dette tykkjer vi er eit sprekt prosjekt å få vere med å støtte. Her får vi fleire folk ut i naturen på ein måte som er smart tilrettelagt, interessant, barnevenleg, som aukar tryggleiken, og som gir fylket eit flott fortrinn med omsyn til turisme, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Hytta vart løfta på plass med helikopter og montert kvelden før opninga etter ein iherdig dugnadsinnsats med 18 personar i sving. Skodde gjorde at hytta kom på plass eitt døgn seinare enn planlagt. 

 

Les meir om prosjektet Dagsturhytter med nynorske turbibliotek