No gjer eg eit nytt framstøt. Denne gongen vil eg ta opp noko som faktisk er beslekta med forrige tema, nemlig det at biblioteket kan vere ein deilig plass å vere. Eg sat ein dag og leste på danskane sin blogg voresbibliotek.dk og blei så glad og inspirert. Så inspirert at eg måtte fortelje det til fleire.

For det første synest eg det er ein kjempeidé å lage ein blogg for brukarane så vi kan få innspel til korleis biblioteka kan utvikle seg i tråd med ønskjer og behov hos dei som skal bruke oss.

For det andre synest eg det er mange gode tips og idear som vi bør tenkje over og kanskje ta i bruk. Spesielt blei eg glad for innspelet med tittelen "Husk de fysiske rammer". Her skriv ein: "Hvem gider trisse rundt blandt støvede bøger i triste lokaler, der kun bekræfter fordomme om folkebiblioteket som et sted på vej ned?" Nei, nettopp. Att biblioteket må vere ein triveleg plass, må høgare opp på lista vår. Då tenkjer eg på lista over kva vi må prioritere.

Eg er også av den meining at det er langt i frå berre pengar det står på for at biblioteka skal bli ein bra plass. Vi må ta i bruk våre små grå, fantasien. Ting kan flyttes på, bøker kan kasserast, hyller kan målast. Det er mykje vi kan gjere for å få biblioteka fargerike og spanande. Mangler ein estetisk sans, får ein finne nokon som kan kome med gode råd. Skal vi erklære fylket vårt for nedstøvet-bibliotek-fri-sone?