I artikkelen blir det  påpeika at media svært ofte har ein tendens til å laga oppslag og omtale om dei same forfattarane - svært ofte dei aller mest kjente (og kjære). Naturleg nok brukar forlaga mest ressursar og tid på å informere om at nye bøker kjem av godt kjente og mykje leste forfattarskap. 

Men kva med utgjevingar som får lite omtale og kanskje ikkje noko i det heile  i flaumen av nye bøker i bokhausten. Det kan vere debutantar, gode fagbøker, bøker på nynorsk som kanskje ikkje blir prioritert omtale av i dominerande media, mindre kjente forfattarar og ikkje minst omsette bøker. Denne lista  kan diverre truleg vere endå lengre. 

Eg tenkjer at biblioteka kan gjere ein forskjell her. Dei kan gjere kjent utgjevingar og forfattarar som ikkje får omtale og kritikk i media. Biblioteka har sjølvsagt heile tida vore eit alternativ til bestselgjarar og populære forfattarar, men kanskje kan dei vere endå meir medvitne om ansvaret biblioteka har for å vise fram breidda i utgjevingane og opplyse om bøker og anna materiale som ikkje finnst på bestseljar-listene.

Cecilie Naper ved Høgskolen i Oslo har undersøkt utviklinga av bokutlånet i norske folkebibliotek, og synest å sjå ein tendens imot at utlåna liknar meir og meir på salgslistene til bokhandlarane. Artikkelen til Naper i Dagbladet her: http://www.dagbladet.no/tekstarkiv/artikkel.php?id=5001090044831&tag=tit&words=FRA%3BMANGFOLD%3BTIL%3BENFOLD