Publikasjonen til ABM-Utvikling, http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/hvem-er-de-og-hvor-gar-de-1 har namnet Hvem er de og hvor går de? : brukeratferd i norske storbybibliotek.

Observasjonar av brukarar ved folkebiblioteka i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim syner at det er ein større del av desse som ikkje låner bøker og anna materiale enn som låner når dei er i eit folkebibliotek. Granskinga påviser at brukarane utfører mange ulike gjeremål i folkebiblioteket.

Størsteparten av dei som besøker folkebiblioteka i dei store byane er personar mellom 15-45 år, og brukarar med eit anna morsmål enn det norske er sterkt overrepresentert i høve deira del av befolkninga. Ungdom og unge vaksne som nyttar folkebiblioteket som studiestad er ei sentral brukargruppe fordi dei oppheld seg lenge på biblioteket, heiter dei i granskinga.

Når det gjeld folkebiblioteka i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim som sosial møteplass seier undersøkinga at unge brukarar i større grad enn eldre nyttar folkebiblioteket som sosial arena (oppsummeringa s.10).

Klassekampen har ein artikkel om granskinga av storbybiblioteka, http://www.klassekampen.no/artikler/kultur_medier/53822/article/item/null, der biblioteksjefen ved Bergen Offentlige Bibliotek, Tine Kolderup Flaten, slår fast:

"- Snoking i hyllene. Undersøkelsen viser nemlig at folks hovedaktivitet er å gå å kikke på mediene". Og ho legg til: "Et annet spennende funn er at biblioteket er et sted hvor det virker å være like greit å komme alene, som sammen med venner."

Ein anna debatt om folkebiblioteka den siste tida tok til med denne kronikken i Aftenposten av generalsekretær Trond Andreassen i Norsk faglitterær forfatter -og oversetterforening og Mads Liland frå forvaltingsorganisasjonen LINO: http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article2396629.ece 

Dei meiner at folkebiblioteka er komen i bakleksa i informasjonssamfunnet pga. mangel på nytenking og investeringar, og som eit resultat av digitaliseringa.

Svara på denne litt provoserande kronikken har ikkje lete vente på seg. Anne Kristin Undlien, biblioteksjef i Kristiansand, påpeikar i dette innlegget, http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article2414020.ece at folkebiblioteka kan vere stolte av kva dei får til. Ho er ikkje i tvil om at folkebiblioteka vil ha ei viktig rolle i samfunnet i framtida.

På nettsida til NBF, http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=1829&p=, er kommentarar til innlegget til Undlien.

ABM-Utvikling har meldt seg på i ordskiftet om framtida til folkebiblioteka, og i ein kronikk (ikkje teken inn i Aftenposten), http://www.abm-utvikling.no/bibliotek/norgesbiblioteket-kronikk, peikar konstituert avdelingsdirektør, avdeling for biblioteksutvikling, Tone Moseid, på "Norgesbiblioteket" (nettverk av alle biblioteka i Noreg, lansert i "Bibliotekreform 2014") som ein hovudpilar i utviklinga av biblioteka i framtida.

Moseid understrekar at politisk vilje til å følgje opp forslaget til bibliotekreform er sentralt. Difor er det knytt stor spaning til stortingsmeldinga om bibliotek, meldt for framlegging i juni.

Ragnar Audunson, bibliotekforskar ved Høgskolen i Oslo, har også gjeve bidrag i dette ordskiftet; i artikkelen "Det komplekse bibliotek" side 54-58 i ABM-publikasjonen http://www.abm-utvikling.no/publisert/abm-skrift/hvem-er-de-og-hvor-gar-de-1 og, som sikkert mange har registrert, i e-post til BibliotekNorge-lista 16.mai.

Den erfarne bibliotekgranskaren slår fast at biblioteket, med alle tilboda og tenestene sine, er ein av samfunna mest komplekse institusjonar. Der kan vi oppdage nokon vi ikkje visste vi trengte, og vere heile menneske (forelder, student, venn osb.) - ikkje ein kategor. Eg anbefalar alle å lese artikkelen til Ragnar Audunson. 

Han meiner også at folkebiblioteka er så mykje meir enn utlån og innlevering av materiale. Han vektlegg folkebiblioteka sine bidrag når det gjeld dei sosiale prosessane i kulturformidlinga og læringa ved desse institusjonane. "Digitalisering eller ikke - i en stadig mer fragmentert hverdag øker behovet for arenaer [som folkebiblioteka]", skriv Audunson.

Førebels sist ut i ordskiftet om bibliotek er tidlegare læringssenterdirektør ved Høgskolen i Oslo, Hans Martin Fagerli; http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article2428681.ece Han er først og fremst oppteken av (høg)skulebiblioteka som reiskap i kunnskapstileigning, men "skulle gjerne sett at bibliotekvesenets talsmenn og -kvinner i høyere grad klarte å formidle verdien av de kunnskapskilder bibliotekene gir tilgang til". Fagerli synest at innhaldet i biblioteka er eit vesentleg alternativ til kunnskapen som er å finne på Internett (les Google).

Uansett kor stort eit folkebibliotek er er det etter vårt syn nokre grunnleggande funksjonar og oppgåver som er felles: gratis tilgang til bøker og anna materiale og til Internett, ein møte -og fristad for alle, oppbevaring, distribusjon og formidling av litteratur av alle slag og til brukarar i alle aldrar - spesielt ansvar for den smale litteraturen, ein arena for læring og kunnskapstileigning, og sist men ikkje minst ein sentral kulturinstitusjon i alle typar samfunn.

Lista over sentrale funksjonar for eit folkebibliotek er heilt sikker lengre; eg skal skunde meg å leggje til rolla til biblioteket og bibliotekaren som rettleiar og navigatør i litteraturen, informasjonen og opplysingsmaterialet som ligg føre. Denne jobben trur eg blir viktigare og viktigare i framtida.

Har du meiningar om framtida til folkebiblioteket? Legg igjen ein kommentar nedanfor.