Dataspel representerer også ein vesentleg del av notidas kulturproduksjon og har fått sitt inntog i innkjøpsordninga. Slik har dataspel blitt anerkjend som kulturuttrykk, og funne vegen til biblioteka.

Den 10. november er det den Nordiske speledagen, og 34 av landets bibliotek er registrert med eigne spelearrangement anten det gjeld dataspel, brettspel eller anna spelrelaterte aktivitetar. I tillegg vert det arrangert ymse speleturneringar og "Spillnatt" rundt om kring på biblioteka. Det syner at slike typar arrangement brer om seg.

På vår ferd gjennom fylket og i møte med biblioteka er ei felles utfordring korleis få ungdom til biblioteket og kva som kan gjerast for å nå denne gruppa i større grad. Vi veit at bibliotek i dag ikkje berre skal konsentrere seg om utlån, det handlar i større grad om å skape eit miljø der menneske kjem og kan vere, kunne skape ein sosial arena der ein kan ta del i aktivitetar. Eit dataspelarrangement kan kanskje vere midt i blinken for å bidra til å auke aktiviteten i biblioteket for ungdommar!

Ein del av biblioteka her i fylket har allereie sett i gong tiltak med dataspel i biblioteket, er det nokon som har planar om eigne arrangement? (Bruk gjerne kommentarfeltet nedst!)

 

Tilgjengeleg informasjon på nett
For dei som er interessert i å lese meir om korleis ein kan leggje opp slike arrangement kan ein finne mykje info på nett.

Oppland fylkesbibliotek har laga ei informasjonsbrosjyre om dataspel i biblioteket «STARTPAKKE: Spill i bibliotek».

Hedmark fylkesbibliotek har for eksempel satsa på dataspel i sitt fylke. Sjå presentasjonen «Hvorfor dataspill». Dei har også laga delrapport om satsinga på dataspel i biblioteket.

På nettsida si har dei også lagt ut diplom og turneringsliste som kan vere til inspirasjon, og dei har laga eigen blogg for målgruppa med påmeldingsskjema som kan vere nyttig å kikke på. Det er også laga ein plakat i samband med den Nordiske speledagen.

Foto: For liten og stor av Bergen Offentlige Bibliotek | CC BY 2.0 Lisens

Drammensbiblioteket har satsa på den litt meir utradisjonelle målgruppa for dataspeling med prosjektet seniorgaming og speling for eldre med tidleg demens. Det syner at dataspel slett ikkje berre handlar om skytespel, blod og vald, men i aller høgste grad kan engasjere og vere sunn aktivitet – også for vaksne i alle aldrar!

Likevel kan dataspel for nokre skape grunn til bekymring når spelinga tek overhand og all tid vert brukt til dataspeling. Medietilsynet har laga ei eiga informasjonsside på nett som kan gi gode råd og rettleiing: http://www.problemspilling.no.

 

Mathias Poulsen var ein av føredragshaldarane under GAME ON 2.0 tidlegare i år, han har mange nyttige presentasjonar om temaet, her er ein om dataspelformidling i biblioteket: