Rettleiinga er skriven med utgangspunkt i erfaringar frå prosjektet Lær data i biblioteket der 16 folkebibliotek i Oppland deltok i 2006/2007 for å utvikle biblioteka som læringsarena for digital kompetanseutvikling.

Her er heftet Dataopplæring i biblioteket - en veiledning i hvordan man kan bruke biblioteket som læringsarena .

Hovudmålet for opplæringa er at deltakarane skal få ein digital kompetanse som gjer dei i stand til å nytte vanlege digitale verkty og tenester som er viktige å kunne i eit moderne samfunn, både i privatliv, arbeidsliv og samfunnsliv. For å kartleggje kompetansenivåa har Vox utarbeidd ei oversikt over Kompetansemål for digital kompetanse som kan hjelpe i opplæringsprosessen.