Tysdag 6. september vil rådgivar Jannicke Røgler frå Buskerud fylkesbibliotek leie eit dagskurs i samlingsutvikling med vekt på kassering. Ho har arbeidd mykje med samlingsutvikling og då spesielt kassering dei siste åra gjennom oppdrag hos folkebibliotek i Buskerud. På kurset vil ho gi råd og rettleiing om kassering, dele idéar og opplevingar frå samlingsutviklingsarbeid og vonleg vere til inspirasjon og nytte.

Dei som vil vite meir om innhaldet i kurset Jannicke har halde i fleire fylke kan sjå på presentasjonen frå samlinga i Arendal i mai: Verksted i samlingsutvikling

I bloggen Lukterdetframtid har Buskerud fylkesbibliotek dokumentert arbeid dei har gjort med samlingsutvikling ved folkebibliotek i fylket. Ein anna meir humoristisk prega blogg, Trangtihylla brukar Jannicke Røgler til å vise fram bokkandidatar for kassering.

Første halve timen av samlinga er sett av til informasjon frå fylkesbiblioteket.

Program:
Kl 9.30 Rundstykke og te/kaffi
Kl 10.00 -10.30 Fylkesbiblioteket informerer
Kl 10.30 -11.15 Kurs i samlingsutvikling
Kl 11.15 -11.30 Pause
Kl 11.30 -12.15 ... kurset fortset ...
Kl 12.15 -13.00 Lunsj
Kl 13.00 -13.45 ... kurset fortset ...
Kl 13.45 -14.00 Pause
Kl 14.00 -14.45 ... kurset fortset ...

Deltakaravgift: 400 kr inkl. lunsj.

Ved spørsmål ta kontakt med Robert Haugen, tlf. 57 72 18 89, robert.haugen@sfj.no

 

Bibliotekarforbundet har medlemsmøte rett etter kurset (kl. 15.00-16.00), der tema er lønsforhandlingar og val av delegatar til landsmøte. Påmelding til BF-møtet til Gry Hatlelid