Stortingsmelding nr 23 (2008-2009) Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid blei lagt fram i april. På denne konferansen presenterer vi innhaldet i meldinga, vi ser nærare på biblioteksamarbeid som er eit viktig tema i meldinga, og knyter så dette opp mot bibliotekutvikling og bibliotekplanarbeid.

Tid og stad:
Skei Hotell, mandag 8. juni, kl. 10-15.30

Program
10.00 - 10.30    Kaffi/te og noko å bite i
10.30 - 10.40    Velkommen v/ fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad
10.40 - 12.00    Presentasjon av bibliotekmeldinga v/ Grete Bergh, seniorrådgjevar i ABM utvikling og Kompetanseutvikling og biblioteksamarbeid v/ Grete Bergh
12.00 - 13.00    Lunsj
13.00 - 14.00    Bibliotekarforbundet sine synspunkt på bibliotekmeldinga v/ Hanne Brunborg, nestleiar i BF og tidl. biblioteksjef i Gol. Biblioteksamarbeidet i Hallingdal v/ Hanne Brunborg. Sjå også www.bibforb.no og www.hallingdalbibliotek.no
14.00 - 14.30    Pause med kaffi/te og frukt
14.30 - 15.30    Systematisk bibliotekplanarbeid og kva betydning det har hatt for bibliotekutviklinga i Hordaland v/ Ruth Ørnholt, fylkesbiblioteksjef i Hordaland
15.30    Slutt

Det er tid for spørsmål/diskusjon under alle innlegga.

Målgruppe: Politikarar, kommuneadministrasjon, bibliotekeigarar og bibliotektilsette.
Gratis deltaking.