Folkebiblioteka i Sogn og Fjordane gir lånarane sine gratis tilgang til fleire digitale tenester.

E-bøker

Med appen eBokBib kan du låne norske e-bøker, både for vaksne og barn. Du kan laste ned bøkene før du reiser, eller medan du er på ferie, og du treng ikkje vere online for å lese. For tida er det eit utval på nesten 4000 titlar å velje i.

For å bruke eBokBib lastar du ned appen, og loggar inn med lånenummeret du finn på lånekortet ditt, og tilhøyrande pin-kode. På ebokbib.no ligg ein kort introduksjon, og svar på ofte stilte spørsmål. 

Film

Filmbib gir deg tilgang til norske kort- og dokumentarfilmar. Tenesta finn du på filmbib.no, og for å få tilgang treng du eit nasjonalt lånekort og pinkode frå biblioteket. 

Aviser og tidsskrift

Med PressReader får du tilgang til over 6300 aviser og tidsskrift frå heile verda - også norske.

Du får tilgang til PressReader via biblioteket sitt trådlause nett. Last ned appen PressReader til mobil og nettbrett, og kople deg på nettverket på biblioteket. Då har du full tilgang i 7 dagar, før du må innom biblioteket for å fornye tilgangen. På pc går ein inn på pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk. Brukarrettleiing på fleire språk.