Lesegledar fordi

Eg elskar bøker, og det har eg gjort heile mitt liv. Eg har vore lærar, og eg elskar å formidle god litteratur. Det å opne ei ny bok, kjenne lukta og bla i ho, er ei av mine store gleder.

Eg les gjerne

Eg les kva som helst, så lenge dei er godt skrivne, har godt språk og gode illustrasjonar. Eg likar spesielt godt morosame bøker. Dei kan godt vere om eit trist tema, men dei må ha litt humor likevel. Det har eg lært etter så mange år i jobben.

Målgruppe

britt_nikøy-1024x768.jpg

Eg har jobba med skuleungar  heile livet, så no har eg lyst til å prøve noko anna. Vil helst formidle for ungar i barnehage, 3-6-åringar.

Område

Eg reiser gjerne til heile Sogn og Fjordane.

Bakgrunn

Lærarskulen i Sogndal frå 1977 – 1980, då vi flytta til Gulen kommune. Lærar på Mjømna og Sande skular, og sidan på Byrknes skule då desse vart nedlagde. Bygde oss hus på Mjømna i 1990, på finaste tomta i Ytre Gulen!

Det siste året har eg trappa ned på lærarjobben og konsentrert meg om å lage eit best muleg skulebibliotek. Mykje arbeid og lite pengar, men eg elskar denne jobben. Særleg fordi eg ser at elevane mine set pris på det eg gjer. Lesegledar frå hausten 2015.

Bestill lesegledar!

 

< førre | neste >