Tysdag 19. novemeber vart brages hederspris for 2013 delt ut av kulturminister Thorhild Widvey. Det var Rita Mundal, bibliotekleiar på Lom folkebibliotek, som tok i mot prisen på vegne av folkebiblioteka. "Jeg er så stolt, og det er en stor ære å ta imot prisen på vegne av alle bibliotekene i hele landet", sa ei rørt Rita Mundal.

I juryen si grunngjeving kan vi blant anna lese at vinnaren er ein av våre beste og mest aktive litteraturformidlarar, og at folkebiblioteka er betrakta som del av kulturlivet sin grunnmur og er ein viktig pilar i eit fungerande demokrati. Les heile grunngjevinga.

"Hedersprisen bør hogges opp i noen tusen biter og fordeles til bibliotekfolk over hele landet. Nå kan vi gå på med ekstra innsats for å realisere de store mulighetene folkebibliotekene har", uttalte leiar i Bibliotekarforbundet, Monica Deildok begeistra.

Meir om tildelinga kan lesast på NRK Hedmark og Oppland