Hagmar er blant dei mest populære barnebokforfattarane i grannelandet -bøkene er ein kjempesuksess, fortel det norske forlaget. Dei blir lest av både gutar og jenter, heiter det, men inntrykket mitt er at flest jenter lånar Sara-bøkene.

Den tolvte boka om Sara er akkurat komen i bokstallen til fylkesbiblioteket. Handlinga i serien krinsar om Sara og hestar, og det forklarar ordbruken min her. Om de hugsar attende til samlinga om nye barne- og ungdomsbøker i 2006 omtalte formidlar Bjarte Bakken denne serien, han ordla seg i humoristiske vendingar om kjensla av å bli overrent av bøker om hestar. Bakken er nok ikkje målgruppa for Saraserien, sjølv om etternamnet til den gode formidlaren kan gje assosiasjonar til omtalte dyr. 

No har Pia Hagmar kome med ein ny serie for barn. Den har tittelen D-GJENGEN og handlar om brørne Henrik, Aron og Leo og deira nye venninne Myggen. Slik som unge detektivar plar gjere kjem dei fire ut for mysteriar som må løysast. Gjengen med detektivar får sikkert noko å stride med i kvar bok av serien.

Bøkene i Sara-serien er billege, men prisen for det er dårleg kvalitet på bokomslag og papir.

Har de tips om bokseriar for barn og unge? Del dette med kollegane via kommentarfeltet nedanfor!

Lesestimulering: Nettside i Sverige for barn med leselyst. Boktips med meir. Eg har ikkje undersøkt den, men ser bra ut. Den inneheld eit intervju med Pia Hagmar, http://www.barnensbibliotek.se/index.asp