Ynskjer du oversikt om kva for biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker som kom ut i 2008? Treng du tips om enkelttitlar og forfattarar til ulike brukargrupper og forskjellige formål? Kan du tenkje deg ei innføring i trender i barne-og ungdomslitteraturen i 2008?

Desse spørsmåla kan du få svar på i det årlege kurset om barne-og ungdomsbøker i regi av IBBY Norge. Torsdag 12. februar kjem tre litteraturformidlarar til Førdehuset i Førde og fortel om litteraturen for barn-og ungdom utgitt i fjor. Les om forelesarane.

Program
Kl 09.30 - Registrering, kaffi/te og ein matbit
Kl 10.00 - Biletbøker v/ Bo Gaustad, kjent barnebokillustratør
Kl 11.15 - Pause
Kl 11.30 - Barnebøker v/ Anne Grimstad Fjeld, kulturformidlar og høgskulelektor
Kl 12.30 - Lunsj
Kl 13.30 - Ungdomsbøker v/ Ola Hegdal, litteraturvitar og meldar i Dagens Næringsliv
Kl 15.00 - Slutt

Målgruppe: Tilsette ved bibliotek, lærarar, personale i barnehagar.
Deltakaravgift: 600,- inkl. litteraturlister, lunsj, kaffi & te.
Dei som berre ynskjer å følgje delar av dagen betalar kr. 200,- per førelesing, dersom ein også ynskjer lunsj blir det kr 150,- i tillegg.