Tysdag 9.september feirar vi alle dei lesande damene ( ja, det er mest damer) på biblioteket på Byrkjelo kl.14–16. Ikkje få hundre bøker sirkulerar via bokkafeen i året, og stimulerar både leseglede og livsglede.

"Eg klarde ikkje å legge boka frå meg, eg trur klokka vart bort halv to", seier den eine pensjonisten til den andre. "Denne må du berre lese, han skrive godt". "Har du den siste boka av Gunnar Stålsett?"

Gamle damer i flokk og følge, sånn 20–30 stykker, kjem med tunge posar med bøker til Byrkjelo filial. Praten går livleg: "Å, er du her og?", "Kvar blir det av ho Magda, kjem ikkje ho i dag?"

Men  først og fremst handlar det om bøker og lesing, så blir det tid til kaffi og prat - etterpå. Dette skjer om lag 10 gongar i året, og no rundar altså ordninga 10 år.

bokkafeen si  5 arsfeiring i  2005.jpg?w= 300 Bokkafeen har minst tre ulike og viktige funksjonar:
1) Det er ein fast møteplass, der ein møter andre, og har det hyggeleg over ein kopp kaffi.
2) Bokutlånet stimulerar og held vedlike leseinteressa. Ein er der saman med andre og anbefalar til kvarandre, den beste form for formidling.
3) Viktig utanom sjølve tidspunktet for bokkafeen: Noko å sjå fram til, og dessutan har ein bøkene å lese mellom bokkafeane, og noko å fylle lange dagar med.

Bokkafeen har i alle desse åra vore eit samarbeid mellom Sanitetslaget i Breim og Gloppen folkebibliotek, der Saniteten organiserar bilskyss til dei som treng det, og noko godt til kaffien.

-Ann-Kristin Vik Fløtre, Gloppen bibliotek