Bokelskere.no vart stifta i 2008 av André Nesse og Tore Renberg med mål om å vere eit uavhengig og ope rom med lesing i fokus. Har du høyrt om ”LibraryThing”? Vel, Bokelskere.no er norsk utgåve, altså eit sosialt nettsamfunn eller "boklubb" på nett for alle med lidenskap for bøker. Her er det mengder av nyttige funksjonar som let deg oppdage ny litteratur og dele di bokinteresse med andre, med oversiktleg og brukarvenleg grensesnitt som gjer det enkelt å bruke for alle!

Bokelskere.no kan du fylle di eiga bokhylle med alle bøkene du har lese, eller som du ønskjer lese – utan at det vert plassmangel! Supert for oss som les og ønskjer oss mange bøker, og som har problem med å halde oversikta. Bokhylla di kan du så dele, og du kan kike i hyllene til andre for å få inspirasjon.  Skriv bokomtaler, ranger med terningkast, lag lister med anbefalingar, sjå kva andre held på å lese, og delta i diskusjonar om bøker.

Dette er ein flott måte å oppdage nye titlar, og møte og diskutere med andre som har same boksmak som deg.  Det er i tillegg kome til ein heilt fersk funksjonen som let deg søkje etter bøkene hjå ditt næraste bibliotek. Biblioteka i Indre Sunnfjord ligg for eksempel i lista, og alle bibliotek med websøk kan bli implementert i lista – meld frå til bokelskere@gmail.com.