Haustens kulturprogram er «Heksagon og skyggene» med Christin Grilstad Prøis. Forfattaren har skrive barnebøker, høyrespel, dramatikk og serieromanar, og ho har også vore med i tv-seriane «Den store reisen» og «Forbindelser». I førestillinga om «Heksagon og skyggene» vert vi gjennom forteljing, song og musikk kjend med Heksagon og hennar beste og einaste venn, klovnen Boboz.

Programmet høver uansett alder, men kanskje best for dei som er over 3 år. Kristin vil til ei viss grad tilpasse framsyninga etter publikum. Programmet varer omlag 35 minutt.

Følg bokbåten si ferd på Facebook!

Sjå også nettsida http://www.bokbaten.no,

her finn du bokbåtruta med tider og stoppestader

og meir om kulturprogrammet.

Kulturprogram ved Christin Grilstad Prøis Mykje liv på bokbåten, her frå haustturen i 2011

 

Vi håpar å sjå store og små, alle er hjarteleg velkomne om bord i EPOS!