Som eit supplement til kommunane sitt bibliotektilbod driv Sogn og Fjordane fylkesbibliotek bokbåt. For dette betaler kommunane ein liten eigendel.

Bokbåten hadde i 2014 som vanleg to turar, ein om hausten og ein på vinter/vår, kvar på 17 dagar. 19 kommunar fekk besøk av bokbåten, 39 stadar fekk besøk 2 gongar kvar, 4 stadar fekk eitt besøk kvar (2 på vinterturen, og 2 på vårturen). På 6 av stoppa var det ikkje utlån, berre framsyning av kulturinnslaget som er med.

Det var framført kulturprogram til saman 75 gongar, med totalt 2 269 publikum (hhv. 73 og 2 256 i 2013). Totalt var det 2 624 personar ombord (2 623 i 2013). 

Utviklinga av utlånet har vore slik:

  1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005
Barn 10 801 10 680 10 570 9 799 10 228 11 332 10 794 10 548
Vaksne 9 903 9 863 9 999 9 569 9 103 9 656 8 918 8 344
Totalt 20 704 20 543 20 569 19 368 19 331 20 988 19 712 18 892
  2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
Barn 8 690 8 158 8 345 8 598 7 186 8 303 8 584  9 280 10 436
Vaksne 8 015 7 158 6 975 6 646 6 357 6 538 6 254 6 411 6 415
Totalt 16 705 15 316 15 320 15 244  13 543  14 841 14 838 15 691 16 851

(Statistikken kan mindre feilkjelder, men vil i det store og heile kunne gi eit bilete av bruken.)

Som ein ser av diagrammet under har utlånet av vaksenbøker gått jamnt nedover dei siste åra, medan utlånet av barnebøker har variert meir, og tatt seg opp mykje dei siste åra.

Diagram utvikling bokbåtutlån 1998-2014