Som eit supplement til kommunane sitt bibliotektilbod driv Sogn og Fjordane fylkesbibliotek bokbåt. For dette betaler kommunane ein liten eigendel.

Bokbåten hadde i 2013 som vanleg to turar, ein om hausten og ein på vinter/vår. På haustturen feira bokbåten 50 år, og ein la inn nokre ekstra stopp som del av feiringa. På haustturen vart det då 46 stopp, på våren 41. Av desse hadde 6-7 berre kulturprogram, ikkje utlån. 19 av 26 kommunar hadde eitt eller fleire besøk av bokbåten dette året. Til saman for heile 2013 var det framført kulturprogram 73 gongar, talet på publikum var 2256. Totalt var det 2623 besøkande ombord.

Dei ekstra jubileumsstoppa førte til ein auke i både besøk og utlån.

Statistikken kan mindre feilkjelder, men vil i det store og heile kunne gi eit godt bilete av bruken.

Utviklinga av utlånet har vore slik:

 

1998

1999

2000

2001

2002

2003

2004

2005

Barn

10 801

10 680

10 570

9 799

10 228

11 332

10 794

10 548

Vaksne

9 903

9 098

9 999

9 569

9 103

9 656

8 918

8 344

Totalt

20 704

20 578

20 569

19 368

19 331

20 988

19 712

18 892

 

2006

2007

2008 

2009

2010

2011

 2012

 2013 

Barn

8 690

8 158

8 345

8 598

7 186

8 303

8 584 

9 280

Vaksne

8 015

7 158

6 975

6 646

6 357

6 538

6 254

6 411

Totalt

16 705

15 316

15 320

15 244

 13 543

 14 841

14 838

 15 691