Som eit supplement til kommunane sitt bibliotektilbod driv Sogn og Fjordane fylkesbibliotek bokbåt. For dette betaler kommunane ein liten eigendel.

Bokbåten hadde i 2012 som vanleg to turar, ein om hausten og ein på vinter/vår. På begge turane var det 42 stopp, 6-7 av dessehadde berre kulturprogram, ikkje utlån. Til saman for heile året var det kulturprogram på 66 stopp, talet på publikum var 1831. Totalt var det 2260 besøkande ombord.

Statistikken kan mindre feilkjelder, men vil i det store og heile kunne gi eit godt bilete av bruken.

Utviklinga av utlånet har vore slik:

 

1998

1999

2000

2001

2002

2003

2004

2005

Barn

10 801

10 680

10 570

9 799

10 228

11 332

10 794

10 548

Vaksne

9 903

9 098

9 999

9 569

9 103

9 656

8 918

8 344

Totalt

20 704

20 578

20 569

19 368

19 331

20 988

19 712

18 892

 

2006

2007

2008 

2009

2010

2011

 2012

Barn

8 690

8 158

8 345

8 598

7 186

8 303

8 584 

Vaksne

8 015

7 158

6 975

6 646

6 357

6 538

6 254

Totalt

16 705

15 316

15 320

15 244

 13 543

 14 841

14 838

Grafisk framstilt ser ein at det totale utlånet har gått ned ein del dei siste åra. Utlånet til vaksne har gått jamnt nedover, medan utlånet av barnebøker har variert meir og viser ein liten oppgang dei siste to åra.

Bokbåtutlån 1998-2012