Fylkesrådmannen går inn for at drifta av bokbåten vert avslutta når gjeldande konktaktsperiode går ut, dvs. at siste tur blir våren 2014. I saksframstillinga peikar ein på at bokbåten har vore godt tiltak, men at økonomien ikkje gir rom for vidare satsing på bokbåttenesta.

Les sakframstillinga

Oppdatering 26.09.:

Saka har no vore handsama i Hovudutvalet. Punkt 1 og 2 i forslaget står som før, punkt 3 lyder no "Fylkestinget har ambisjonar om å vidareføre drifta av bokbåten. Dette vert vurdert i samband med budsjetthandsaminga." I busjettsaka vedtok HK "4. Marginallista vert utvida med midlar til Bokbåten kr 0,600 mill årleg.". Dette er det same dei foreslo å kutte på budsjettet til fylkesbiblioteket.

Les møteprotokoll for Hovudutval for kultur

Den 25. september beli saka så handsama i fylkesutvalet, der vart vedtaket:

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:
1. Fylkestinget viser vedlagte evalueringsrapport (vedlegg 1) og ser at bokbåttenesta i Sogn og Fjordane har vore ei positiv satsing for store deler av fylket.
2. Fylkeskommunen sitt arbeid for å utvikle gode bibliotektenester går vidare gjennom tett samarbeid med kommunane der litteraturformidling er eitt sentralt tema. Litteraturformidling vil også finne sin naturlege plass som del av tilbodet i den kulturelle skulesekken.
3. Fylkestinget har ambisjonar om å vidareføre drifa av bokbåten. Dette vert vurdert i samband med budsjetthandsaminga.
4. Fylkestinget ber om at det blir sett på ei tettare samordning mellom Den kulturelle skulesekken og bokbåten.

Saka går no vidare som ein del av budsjetthandsaminga i fylkestinget.

Les saksprotokoll frå fylkesutvalet