Klar båt med Hoggerne, Vampyr, Gud er norsk, Epleptisk, Pondus, Rampete Robin, Goethe, Mannen som hatet kvinner, skodespelar.  Ved kaia Steinen i Førde: Du er no komen ombord i bokbåten Epos http://www.bokbaten.no/ . Vi er klare til avgang, men vergudane er ikkje med oss i dag og gjer at første stopp må kansellerast. Ein fullasta båt med bokstavar lyt også bøye seg for naturen, sjølv om ein er aldri så trygg med ordet i si makt. Men i morgon tidleg dreg vi avgarde med skjønnlitteratur for store og små, sakprosa for liten og stor, poesi for den kresne og lettsindige, biletbøker på fanget som opnar opp verda og mennesket, teater med  Kjell Matheussen http://www.darekisten-teater.no/vi kan spegle oss i, Hans og Jakob Sande, Jon Fosse og fossekallen - dei er der alle.    Biblioteket som sosial møtestad Biblioteket er den beste sosiale møtestaden me bibliotekarar veit om. Ingen tvil om det. Skodespelar og bibliotekar Kjell traff att tidlegare medstudent Olaug ombord i "Epos". Olaug har arbeidd ved fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og vore med på bokbåtturar. Danningsreisa til Kjell har teke til. No har vi plukka bøker og bore bokkasser alle kvinner og alle menn. Kaos er rydda unna og alfabetet teke i bruk. Lasting av bokbåt  Lasting av bokbåt Gunnvor (biletet til venstre) og bokbåtansvarleg Ingrid under arbeidet med å tømme bokkassene. Avgang klokka 08.00 i morgon, opplyser kaptein Stian. Då går turen til Losnegård og Brosvik i Gulen kommune.