Korreksjoner av Jonathan Frantzen, Spør støvet av John Fante, Er det en slik verden vi vil ha av Eva Joly, Ungkarsfestivalen av Bjørn Ingvaldsen. Kva er sambanda mellom titlane? Jau, formidla og lånt av besøkande av bokbåten Epos laurdag 23.oktober 2008.  Bøker i  hand ut av bokbåten og inn til vestlandsregnet og gråsprengt himmel i februar. Litteratur til folket i husa, den blir lesen og teken imot. Tankar kjem, bilete dukkar opp, ei verd syner seg, kjensler bryt fram, meining og form skapar seg til - inga bok til jorda. I dag har bokbåten "Epos" hatt to stopp: I Losnegard i Solund kommune og i Brosvik i Gulen kommune. Veret er betre i dag, men båten rulla skikkeleg ei stund pga. dønningar frå havet. Men bøkene held seg friske og er på plass i hyllene. Vi hadde bra besøk i Losnegard, men noko mindre enn vanleg i Brosvik pga. vinterferieavvikling. I kveld ligg vi til kai i Eivindvik. Altmogleg mann ombord, Finn-Erik, har datamaskinen på i byssa: losnevaar08-004.jpg Losnegard: Jørdi speider etter ei passande bok i hylla for vaksen skjønnlitteratur: losnevaar08-006.jpg Lånarar i Brosvik: losnevaar08-009.jpg