Med bakgrunn i den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen har bokbåttenesta vore foreslått avslutta. Det er framleis usikkerheit om budsjettramma for 2015, men det er no von om at budsjettet neste år ikkje vert redusert i så stor grad som tidlegare signalisert.

I møtet 25. november bad HK administrasjonen om å undersøkje moglegheita for å fortsetje bokbåtordninga med ei eittårig avtale og å sjå på alternative reduksjonar i budsjettet.

Vedtaket lyder slik:

  1. Bokbåttenesta i Sogn og Fjordane vert avvikla f.o.m. 01.09.2015.
  2. Boksamlinga som vert nytta til utlån på bokbåten, vert tilbydd lokale folkebibliotek. 
  3. Hovudutval for kultur vil peike på at det rår usikkerheit kring den endelege budsjettramma. Hovudutvalet ber fylkesrådmannen undersøkje nærare:
    a. Mogeleg kortsiktig avtale i høve vidare bokbåtteneste i fylket (1-årig avtale)
    b. Alternative reduksjonar i dette omfanget i andre delar av budsjettet.

Sjå heile saka (klikk på pil under "Dokumenter" for å sjå saksprotokoll)