Fredag 1. mars legg bokbåten frå kai i frå Førde. Tilsette frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek mønstrar på, og det gjer også Klovnen Knut som skal by på det kulturelle programmet på ferda rundt i 17 kommunar.

Utvalet om bord vil bere preg av at nynorske barnebøker er prioritert, det vil vere utstillingar, gode boktips og bibliotekarar som formidlar gode leseopplevingar for store og små.

41 stader vert vitja av bokbåten, her kan du sjå om, og kva tid han kjem til deg!

 

www.bokbaten.no finn du meir informasjon om bokbåten og kulturprogrammet. Bokbåten Epos er også på Facebook.


Bokbåtdrifta er eit vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.