Epos er som vanleg full-lasta med bøker for alle aldersgrupper, og i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det spesielt lagt vekt på å ha med nynorske barnebøker. I tillegg til bøkene vert det denne gongen eventyrteater med musikk. Det er Trygve Ramnefjell som vil fortelje eventyr, og han vil tilpasse eventyra etter alderen på publikum.

Ramnefjell tok sølvmedalje i NM i litteraturformidling i 2012, og til dagleg jobbar han som litteraturformidlar på bokbussen i Oppland. Ramnefjell er i tillegg fløytespelar.

Sjå nærare informasjon om rute og tider på bokbaten.no

Alle er hjarteleg velkomne om bord i bokbåten Epos!

Følg også bokbåten på Facebook!

Trygve Ramnefjell fortel eventyr og spelar på bokbåtturneen i haust!