2013 var eit flott år for bokbåten, for i tillegg til jubileumsferda vart han nominert som eit av tre bibliotek til prisen Årets bibliotek 2013! Også denne gongen vil jubileumsstoppa få vitjing av bokbåten. Forfattar og illustratør Reidar Kjelsen står for underhaldinga, med teikning og improvisert dialog med barna. Kjelsen er kanskje mest kjend som illustratør for “Otto Monster”-bøkene til Jon Ewo, men totalt har han illustrert nærare 40 bøker/hefte, og av desse er 14 sjølvskrivne. Dei siste åra har han hatt over 3000 forestillingar på norske skular og bibliotek. Les meir om kulturprogrammet på bokbaten.no.

Epos er som vanleg full-lasta med bøker for alle aldersgrupper, og i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det spesielt lagt vekt på å ha med nynorske barnebøker. Bli også med på ferda til bokbåten Epos på Facebook!

Vel møtt store og små!